Har du gamle dokument, brev, bilde, lydband eller anna historisk materiale du gjerne vil eller bør ta vare på for ettertida på ein trygg og god måte?

Sauherad lokalhistoriske arkiv har ansvar for å ta vare på materiale som er viktig for historia vår i Sauherad. Materiale om og frå bedrifter, organisasjonar, lag, familiehistorie og privatpersonar er sentrale for å dokumentere historia.

Dersom du, familien din, laget  ditt eller bedrifta di har arkivmateriale, protokollar, gamle dokument, brev, bilde, lydband eller anna historisk materiale du gjerne vil eller bør ta vare på for ettertida på ein trygg og god måte, er Sauherad lokalhistoriske arkiv staden for dette.

Du kan koma med kva slags materiale det er i. Du kan også inngå avtale med arkivet om tilgangen og bruken av materialet som blir innlevert. Arkivet held til i det tidlegare bankbygget til DNB (Sparebankgården) i Gvarvgata, i eit lokale som er brannsikkert og klimaregulert.

Ta kontakt med Peter Sevatdal på telefon 911 86 617 / 35 95 52 13.

Innhald:

Typisk materiale som er innlevert til arkivet er:

  • Innsamla stoff og førebuing til Bygdebok for Sauherad
  • Tingbøker
  • Skiftebøker
  • Pantebøker
  • Tiendelister
  • Kyrkjeregnskap
  • Slektshistorie
  • Lagspapirer m/møteprotokollar etc
  • Lydkassettar med intervju
  • Amerikabrev