Bildekarusell - Sauherad-kalendere

28,15,0,50,1
600,600,60,1,5000,1000,25,2000
90,300,1,50,12,25,50,1,70,12,1,50,1,1,1,5000
2015 Kalender - Forside
View Image
2015 Nes skule ca 1925
View Image
2015 Jan Kolahuset
View Image
2015 Kalender - Bakside
View Image
2016 Kalender - Forside
View Image
Olav Albretson Skogen, f Hallen (18461-1947) budde på garden Skogen (80/20) i Gunheimsgrenda. Olav blei ofte nytta som slaktar, og det blei sagt at han kunne slakte fem grisar på ein dag. Han var også med i stiftinga av Nes Kraftlag i 1928.
2016 12 Olav Skogen
View Image
2016 Bakside
View Image
2017 Kalender - Forside
View Image
Bildet visar eit gravfølgje i Sunds krets tidleg på 1900-talet. På denne tida blei alle gravferder forretta i heimen og gravfølgje gjekk derfrå til kyrkjegarden. Sokneprest Jacob Jervell sit i fyrste vogna etter kista. Han var sokneprest i Sauherad 1902-1928. Gravfølgjet er på veg ut av tunet på Tveiten som Gunhild Jonsaas Aaknes eig i dag.
2017 Kalender Jan - Sunds
View Image
Under Østre Sauar låg det tidlegare tre husmannsplassar ved Sauarelva. I 1828 overtok Leif Hansson, 1801-1838, frå Østre Sauar desse plassane som blei slått saman til garden Pladsene (Plassenn). Leif Hansson var lærar i Sauar krets og kyrkjesongar ved Sauherad kyrkje. Han var ein begava haugiansk legpredikant og vararepresentant til Stortinget i 1836. Leif var gift med Gunhild Persdotter frå Valebø og dei fekk fem born. Sonen Hans, 1830-1906, overtok garden og blei ein føregangsmann i bygda mellom anna som sjølvlært dyrlege. Han starta Saude Bruk på Kullhuset og var med i fyrste styret for Saude og Nes Sparebank. Bildet visar garden Pladsene tidleg på 1900-talet (familien Landsverk bur her i dag).
2017 Kalender - Pladsene ved Sauarelva
View Image
2017 Bakside
View Image

I 2015 starta Sauherad historielag eit samarbeid med Nes og Saude Bygdetunlag for å utgje ein Sauherad-kalender med gamle bilde og historie frå bygda. Bildekarusellen visar enkelte bilde frå kalenderane 2015-2017.

 

Kalenderen er å få kjøpt i butikkar og bensinstasjonar i Sauherad og i bokhandlarar i Bø og på Notodden. Pris kr. 100,-.

For bestilling: Send e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. og betal kr. 100,- til bankkonto 2675.07.09221 for å få kalenderen tilsendt i posten.

Midt i kalenderen er det lagt inn kart over Sauherad som viser tidlegare skulekrinsar med oversikt over bygdebøkene for Sauherad. Her er kartet frå kalenderen for 2017:

2017 Kalender Kart