Prosjektet med ei systematisk kulturminneregistrereing i heile Sauherad starta i 2009, og det er framleis arbeid på gang i ulike deler av kommunen.

Torstein Fosstveit har oversikt over det meste som er registrert, og legg jamnleg ut informasjon på Facebook (Sauherad før og nå): https://www.facebook.com/groups/sauherad.fn/?fref=ts

Vi kjem tilbake med meir informasjon om prosjektet! 

 

Alle hytter og hus i Sauherad skal få fast adresse. Sauherad Historielag har blitt spurt av teknisk etat i Sauherad kommune om å gje uttale i spørsmål om nye vegnamn i Sauherad. Dette gjeld både nye byggefelt, skogbilvegar og andre vegar som må vurderast for eige namn. Nye vegnamn blir fastsett av utval for næring, plan og teknikk.

I løpet av 2016 har Sauherad Historie uttalt seg i fleire saker, og mange nye vegnamn er fastsett.

Sauherad Historielag er invitert til å delta i arbeidet med etablering av verneplan for kyrkjegardane ved Nes og Sauherad kyrkjer. Mesteparten av arbeidet blir gjort på dugnad, og det er håp om at planen skal bli ferdig i løpet av 2017.

Kontaktperson for arbeidet med verneplanen er kyrkjeverje Trond Haugen, mobil: 938 55 504, e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.