I siste halvdel av 1100-talet blei det bygd ei rekke steinkyrkjer i Midt-Telemark - Holla, Romnes, Nes, Sauherad, Bø, Seljord. På 1930-talet blei det satt i gang restaurering for å få fram veggmaleria som hadde vore gøymt under kvitkalka veggar i fleire hundre år. Dei starta med Nes kyrkje, og deretter Sauherad kyrkje.

Riksantikvar Harry Fett var ansvarleg for restaureringarbeidet, og skreiv om dette arbeidet i ei bok han kalte "En bygdekirke". Boka er digitalisert og kan lesas på Nasjonalbibliotekets heimesider under denne linken.

Nes kyrkje har ei sentral plassering i landskapet utsikt over Norsjø med Lifjell i nordvest, Skåråfjell i nord, Haukvikfjellet i øst og Breisås i sør-vest.. Kyrkja er bygd i romansk stil og vigsla til apostlane Peter og Paulus. Treverket over koret i Nes kyrkje er datert til år 1181 e.Kr., men tårnet og sakristiet er bygd til i 1868. Nes kyrkje har noen av dei best bevarte kalkmåleria frå mellomalderen. I "En bygdekirke" skriv Harry Fett om koret i kyrkja: "Det er utvilsomt det vakreste intime rom som er bevart i Norge, noe av det beste norsk interiørkunst har frembrakt, med harmoni mellom vegger og tak". 

 PDF om kyrkjene

Sauherad kyrkje er truleg oppført av same omreisande arbeidslag og i same byggestil som Nes kyrkje. Kyrkja er vigsla til St. Laurentius. Historia seier at det blei tatt stein frå Bratningsborg, fjellknausen vest for kyrkja, til bygginga. Byggematerialet er grovt tilhogd gråstein. På vestveggen i koret der det er måla godt over 2000 små og store demonar med forskjellige ansiktsuttrykk.