Kommunestyra i Bø og Sauherad vedtok i desember 2016 ein interkommunal kulturminneplan.

Med kulturminneplanen ønskjer Bø og Sauherad kommunar å gjere dei verdiane kulturminna ber med seg tydelege, både når det gjeld bruksverdi, opplevingsverdi og kunnskapsverdi. Med ein kulturminneplan ønskjer kommunane å:

  • auke eigen kompetanse på kulturminnefeltet.
  • sikre forsvarleg bruk, og vern av materielle og immaterielle kulturminne.
  • vere ein aktiv aktør og støttespelar for frivillige lag og foreiningar, og grunneigarar,næringsliv, utbyggjarar og investorar, som ønskjer å utnytte areal, kulturminne og miljø.  gjere aktive val som kjem framtidige generasjonar til gode.

Bø og Sauherad har gjennom arbeidet med kulturminneregistrering sidan 2009, samt Kultur- og naturreise prosjektet, etablert eit godt og viktig oversyn over nyare tids kulturminne på kulturminnesok.no. Sauherad historielag og andre frivillige har gitt oss ein grundig og vid database over kulturminne. Dette gir oss eit inntrykk av det særeigne og mangfaldet i vår kulturhistorie. Dei frivillige har gitt kommunane eit særs godt utgangspunkt for denne første kulturminneplanen, og har såleis vore ein viktig pådrivar for sterkare fokus og satsing på kulturminne. 

Visjon

Bø og Sauherad skal vere attraktive kommunar som tek vare på sin historiske identitet, gjennom sikring og formidling av kulturarven. 

Strategisk styringsdokument

Interkommunal kommunedelplan for kulturminne, i Bø og Sauherad, skal vere eit strategisk styringsdokument, som synleggjer kommunane sin politikk på dette feltet frå 2016-2028.