Epletreet er kjennetegnet og kommunevåpenet til Sauherad kommune og eplet har ei lang historie i bygda. På altertavla frå 1663 i Nes kyrkje er Adam og Eva måla med eplet og den fyrste kjente eplehagen blei planta ved Sauherad prestegard i 1738 av Urteggaardsmand Hans Brønstedt på oppdrag av presten Enevold Steenblock.

Ca 1800 blei den fyrste store eplehagen med 100 tre planta på Nes av Isak gartner på oppdrag av oberst Hans Mow Grønvold. Isak hjelpte andre folk i bygda med poding og planting.

Dette fruktdistriktet produserer om lag ein fjerdedel av norske eple. Om dagens situasjon for epla, andre frukter og opplevingar i eplebygda kan du lesa på andre heimesider f.eks:

Norsk Eplefest

Telefrukt AS

Fruktbygda SA