Velkommen til Sauherad Historielag!
Sauherad Historielag har som formål (litt forkorta):
- Å arbeide for interesse og forståing for kommunens historie frå fyrste tid til i dag.
- Å arbeide for eit best mogleg kjeldegrunnlag for kultursoga for Sauherad.
Sauherad-kalenderen 2021 er ferdig, og vil bli å få kjøpt i butikkar og bensinstasjonar i Sauherad og i bokhandlarar i Bø. Pris kr. 100,-.
For bestilling: Send e-post til Torstein Fosstveit Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. for å få kalenderen tilsendt i posten. Betal kr. 120,- (inkl. porto) til bankkonto 2675.07.09221
Med helsing,
Styret i Sauherad historielag
Erik Werenskiold: En bondebegravelse (måla ca 1884 på Gvarv med lokale modellar og Lifjell i bakgrunnen).
Modellane er frå venstre: Foto ved Nasjonalgalleriet
Ragnhild Moen (1848-1920)
Christoffer Gunheim (1854-1915)
Hans Ibsen Moen (1826-1906
Hans Gunheim (1869-196 3)
Anund Lindheim (1820-1906)
Knut Lindheimsmoen (1814-1900)
Kristoffer Notevarp (1857-1918)
Gunleik Kaasa (1821-1894)
Dei fleste har etterkomarar som bur i bygda. Evju Bygdetun hadde i 2009 ei utstilling der alle kjente dagens etterkomarar i Sauherad var opplista.